Jakob Jensson, 1612

Name
Jakob /Jensson/
Given names
Jakob
Surname
Jensson
Name
Jakob Jensson /Rødset/
Type
also known as
Given names
Jakob Jensson
Surname
Rødset
Birth
Yes

Lensregnskap
Pengeskatten 1603
1603
Note: Jakob Jennson betalte i 1603 leiglendingskatt for…

Jakob Jennson betalte i 1603 leiglendingskatt for både Rotset og Øyra.

I jordskattelista står Oluff paa Rosett som brukar 1 Mællag 3 1/2 skilling

Pengeskatten 1603
Pengeskatten 1603

Note: Mandtals Regester Paa Skatten

Mandtals Regester Paa Skatten Aff Sundmørslehnn som efter kong: Maytz. Obne. Udgan gene Mandat och Befalling war paa Bødenn At erhulle Wdgiffuis till Sancte Mor thinj dag Anno 1603

Lensregnskap
Lensrekneskap 1606-1607
1606
Note: Jacob Jensson betalar skatt for Øyra og Rotset

Jacob Jensson betalar skatt for Øyra og Rotset

Kronnens och Stigtenns Landschyldt aff Sundmørßlenn:

Jacob Jennsenn Øren ---- ij pund Fs

Kronens Landschyld aff Elseters Guodtz:

Jacob Rottsetter ---- v woger Fs

Kronens Leding och thiende Kornn Opebaarit aff forn^ne Sundmørßleenn:

Jacob Jennsenn Rotsetter ---- ij Gsch th ------ ii/j M

Lensregnskap 1607
Lensregnskap 1607

Note: Sundmørslehns Regenschab

Sundmørslehns Regenschab Beregnitt fran Phillippi Jacobi dag Anno j606 och till samme Aarsdag igienn Anno j607

Lensregnskap
Lensregnskap 1609-1610
1609
Note: Sakefall

Sakefall

Pådømde og innkravde bøter for ymse lovbrot

"Jacob Jennssenn paa Rødsetter Restede aff forledenn Aars Sagefald, for att hannd Saa Ubilligenn forholdt Sig Med fougdenn paa Neste forlidenn Skattethingh, som hand nu haffuer givett k?erdt for, Pennge -- xl (40) daller"

Lensregnskap 1610
Lensregnskap 1610

Note: Sundmørslehnns Regenschab

Sundmørslehnns Regenschab Berregnitt fran Pfillippi Jacobi Anno j609 Och till Aarsdagenn Igien Anno j6j0

Lensregnskap
Lensregnskap 1610-1611
1610
Lensregnskap
Landskatt
1611
Note: Saugschatt aff Flombsaugerne Her paa Sundmøer:

Saugschatt aff Flombsaugerne Her paa Sundmøer: Jacob Jennßenn Rødßetter Med sin medeigenn aff en flombsaug ij daler Er schrenne paa samme Saug Lffff Thyltter bord Thiendepart Partenn der aff er ix Thyltter bord for Peninge 5 1/2 daler.

Lensregnskap
Landskatt mikkelsmesse 1612
1612
Lensregnskap
Knegteskatt 1612
1612
Birth of a daughterJakobsdotter

Birth of a daughterMette Jakobsdotter

Birth of a daughterLisbeth Jakobsdotter

Birth of a daughterEli Jakobsdotter

Death about 1612
Note: Kona Kirsti er oppført i skattelista som enke i 1613
Lensregnskap

Jakob Jennson betalte i 1603 leiglendingskatt for både Rotset og Øyra.

I jordskattelista står Oluff paa Rosett som brukar 1 Mællag 3 1/2 skilling

Lensregnskap

Jacob Jensson betalar skatt for Øyra og Rotset

Kronnens och Stigtenns Landschyldt aff Sundmørßlenn:

Jacob Jennsenn Øren ---- ij pund Fs

Kronens Landschyld aff Elseters Guodtz:

Jacob Rottsetter ---- v woger Fs

Kronens Leding och thiende Kornn Opebaarit aff forn^ne Sundmørßleenn:

Jacob Jennsenn Rotsetter ---- ij Gsch th ------ ii/j M

Lensregnskap

Sakefall

Pådømde og innkravde bøter for ymse lovbrot

"Jacob Jennssenn paa Rødsetter Restede aff forledenn Aars Sagefald, for att hannd Saa Ubilligenn forholdt Sig Med fougdenn paa Neste forlidenn Skattethingh, som hand nu haffuer givett k?erdt for, Pennge -- xl (40) daller"

Lensregnskap

Saugschatt aff Flombsaugerne Her paa Sundmøer: Jacob Jennßenn Rødßetter Med sin medeigenn aff en flombsaug ij daler Er schrenne paa samme Saug Lffff Thyltter bord Thiendepart Partenn der aff er ix Thyltter bord for Peninge 5 1/2 daler.

Death

Kona Kirsti er oppført i skattelista som enke i 1613

Note

I 1603 betalte Jakob Jensson leiglendingskatt både for Øyra og for Rotset. Om denne mannen fortel R.J. Vassbotn at han kom frå Kjelvik i Finnmark, der han hadde vore fut, "kom sidan til Rødset og uddrev der nogle bønder". Vidare fortel han at kona heitte Kirsti Persdotter og var svensk, Den kjende sogemannen og politimeister Kvalsund har gissa på at ho var dotter åt ein svensk lappefut eller "birkekarl", dei for nemleg på skatteoppkrevjing og handelsferd i Finnmark før Kalmarkrigen.

Han fekk bruksretten til Rotset i 1605, i røynda utan å drive bort nokre bønder. Jakob Jensson kan ha vore son til hr. Jens, den fyrste evangeliske presten i Volda, men noko prov for dette har vi ikkje.

Jakob Jensson

Volda mot Rotset på midten av 1800-talet

 
Voldasoga II, Per Årviknes, s. 184-187.
 
I 1603 betalte Jakob Jensson leiglendingskatt både for Øyra og for Rotset. Om denne mannen fortel R. J. Vassbotn at han kom frå Kjelvik i Finnmark, der han hadde vore fut, "kom siden til Rødset og uddrev nogle bønder." Videre fortel han at kona heitte Kirsti Persdotter og var svensk. Den kjende sogemannen politimeister Kvalsund har gissa på at ho var dotter åt ein svensk lappefut eller "birkekarl", dei for nemleg på skatteoppkrevjing- og handelsferd i Finnmark før Kalmarkrigen. Kan hende var det dette svenske giftet som gjorde at han måtte reise sørover, avdi dei danske styresmennene i Finnmark ikkje sette lit til han? Han fekk bruksretten til Rotset i 1605, i røynda utan å drive bort nokre bønder, som vi sidan skal kome tilbake til.
 
Eg har freista finne ut meir om kven Jakob Jensson ætta frå av arkiva våre, men utan resultat. R. J. Vassbotn gissar på at han kan ha vore son til hr. Jens, den fyrste evangeliske presten i Volda, men noko prov for dette har vi ikkje.
 
Om Kirsti Persdotter og Jakob Jensson sine fire døtrer finst det to versjonar. Dei samstaver når det gjeld dei tre eldste døtrene. Den eldste, ........., vart gift med presten Peder i Volda, borna deira var Isak som busette seg i Botnen og Maria, gift med presten Peder Aalborg i Hjørundfjorden. Den nesteldste dottera var Mette, gift med Jakob Groth på Folkestad. R. J. Vassbotn fortel at "gravskriften viser på den røde sten som ligger ved kirkegården". Denne gravsteinen låg lenge attmed den vestre inngangen til kyrkjegarden, og i den var også innstempla våpenskjoldet hennar. Kvar han no er, er heller uvisst. Nummer tre av døtrene var Lisbeth, gift med Jakob Førde. Om den fjerde av døtrene, Eli Jakobsdotter, fortel R. J. Vasbotn at ho var gift med Frans Bjørkedal. Ein eldre versjon av Moritsboka frå Bjørkedalen fortel derimot at Eli var gift med Olav Pålsson Bjørkedal (d. 1679). Etter same kjelda var Frans ein bror av Olav Pålsson, han var ugift og drukna ved Sagosen i Storevatnet. Olav Pålsson spelar seinare ei viktig rolle i Rotsetsoga.
Frå 1605 har vi så eit forlik mellom Hallkjell Ivarsson Myklebust og Jakob Jensson. Etter dette har Hallkjell Ivarsson godvillig gjeve frå seg retten til Rotset til Jakob Jensson. Dotter til Hallkjell hadde vore gift med Hans Knutsson Rotset, som hadde retten til garden, men dei var begge døde. Denne Knut Rotset må ha vore brukar på Rotset mellom dei førnemnde Ivar Ellingsson (1568) og Oluf (1603).
Mellom dei eidssvorne lagrettesmennene i dette forliket merkar vi oss Pål Bjørkedal, far til Ola Pålsson. Tingskrivar var Peder Jensson. R. J. Vasbotn trudde at dette måtte vere bror til Jakob Jensson, men dette kan han vel ikkje ha vore, som bror ville han ha vore ugild i denne saka. Rettnok møtte sokneprest Peder Rasmussen i retten, men dette kan vere før han vart gift med dotter til Jakob Jensson.
Året etter, 1606, måtte Jakob Jensson atter møte i lagretten i høve to saker. Den fyrste galdt grenser og tvistemål mellom Rotset og Halkjelsvik, den andre mellom Rotset og Vassbotnen.
 
Det var sokneprest Peder Rasmusson som hadde stemnt Jakob Jensson for retten i den fyrste saka. Han klagar over at Jakob driv sitt fe og "Anmark" (d.v.s. småfe) i Halkjesviks sætremark og utmark både fyrst på sumaren og om hausten, utan omsyn til at marka og hagen der er svært skral, slik at presten og grannane knapt kan hjelpe seg med denne om sumaren. Lagrettesmennene røkte nøye etter og fann at dette var tilfelle og likeeins at Halkjelsviks sætremark ikkje var betre enn at presten sjølv trong henne. Difor fastsette lagretten bytet mellom Rotset og Halkjelsvik slik at Jakob Jensson og hans etterkomrar slett ikkje skulle ha noko sæterbud eller fedrift på Halkjelsviks sætregrunn. (Dette må ha vore det som no vert kalle "Prestesætra"). Og vidare at "den store elv som løber der midt i mellem at være och blive et fast och urøgelig skifte og bytte, och på begge sider at hegne og giærde".
Som vi kan sjå må presten den gongen ha butt i Halkjelsvik, jamvel om prestegarden med rette låg på Øyra. I eit tillegg til den samme lagrettesdommen heiter det: "Hvad Ørren er anlangende med sættermark eller hestebede, det skal være och blive eftersom det haver været af gammel tid."
I den andre saka mellom Rotset og Vassbotnen gjorde lagretten vedtak om at haggarden mellom utmarkene åt dei to gardene skulle stå der dei gamle bytesteinane viste, dette var "itt ret och christelig markeskiel och derfor nedersat en lovlig mærchesteen medt sine vidthne op i høieste Biørendalsheid som svarer lig efter de andre steene ifra nederste ende av Vandet och opad, och skal forn. Jakob Jensen med de bønder på Vasbotnen giærde och holde en Houggaard efter de samme mærkesteene som de nu udviser, huer efter deris anpart, och siden skal forn. Sætterstøle med al Hundalen være hr. Jakob Jensen allene forbeholden."
Futen Hans Simonsen hadde og pålagt lagretten å gå over skogane som høyrde til Rotset og Vassbotnen. Retten fann då at Rotsetskogen slett ikkje var "til nogen upligt forhuggen". Det var hoggo noko til innved til ei jakt og eit skip, medan det i Vassbotn-skogen var noko over hundre gamalt og nyhogge. Om det var Jakob Jensson som hadde gjort dette, visste dei ikkje, men bøndene i Vassbotnen fortalde at han hadde hogge tømmer til det skipet han hadde ståande på skipsvervet sitt.
Endeleg fastsette lagretten at den av prestane som hogg i annan manns mark, anten det no var Vassbotnen, Halkjelsvik eller Rotset, han skulle utan all orsaking eller rettargang betale "20 gode daller til Kongl. Mayestets, och 3 tønder meel till de fattige".
Desse markegangsbreva gjev oss eit visst inntrykk av Jakob Jensson og hans affærer. Han har utan tvil vore ein aktiv mann som dreiv det stort med gardsbruk, skogbruk og skipsbyggjing. Kanskje er det nett difor at han har kome i "langsommelig trætte" med grannane, som det heiter i rettsdokumentet.
I året 1612 betalte Jakob Jensson sageskatt "aff en flombsaug" der han det året hadde skore 60 tylfter bord. Dette kan ikkje vere den saga som sidan stod på Sagebakken, den saga vart bygd av løytnant Johan Schjelderup i 170-åra.
Jakob Jensson sitt skipsbyggeri stod truleg i ei lita vik innanfor der Volda mekaniske verkstad no er. Ein kunne før sjå merke etter dette i fjøra og likeeins etter køyregotene som førde dit.
 
Jakob Jensson sitt namn finst i skattelista for 1612, men i 1613 er enkja Kirsti oppførd. Ho gifte seg oppatt med Kristoffer Andersson Kvasnes frå Borgund. Ein giftering med nanma deira kom sidan til Moritsgarden og er no å finne på Ulvestad. I oktober 1613 fekk Kristoffer Andersson festebrev på "enn Høigb. Kong. May. Jorder kaldis Rødsetter." Ellers merkar vi oss at ein Jens Pedersen Rødsetter og har betalt jordskatt i 1613. Namnet hans er ikkje å finne sidan. Kan dette ha vore ein son av presten Peder Rasmusson?
Kristoffer Andersson Kvasnes, siden kalla Rotset, er i tiendeboka for Sunnmøre i 1621 oppførd som lensmann. Han hadde garden til han døydde i 1634, og i 1635 er enkja oppførd som brukar saman med Ola Pålsson. I januar 1636 møtte sorenskrivar Nils Knagh og seks lagrettesmenn for "at forfare och besigte en af Chronens gaarder ved navn Rødsetter, hvorledes den findes bygt och ved magt holden efter Sr. Christopher Andersen der er ifra død." I dette dokumentet får vi og høyre at Olav Pålsson Bjørkedal alt har teke over festeretten på Rotset. Olav Andersson, bror til Kristoffer Andersson, møtte ved denne åbotstaksten som nærmaste arving. Lagrettesmennene fann at Kristoffer ikkje hadde bygt meir enn to hus på garden, eit stort hus som alt var tømra opp før hans tid og "en liden natstue", elles hadde han gjort noko smått vølingsarbeid på dei andre husa. Taket på dei to fehusa, røykstova og dei andre husa var noko skrøpelege, men elles var garden halden godt vedlike og vel forsynt med eit nytt naust, ein part i saga, kvernhus, sæterbuder og utløder. Det vart til slutt gjort eit forlik mellom Ola Andersson og Ola Pålsson, som påla sistnemnde å betale tjue riksdaler for alt som fanst på garden, både laust og fast. Dermed vart Ola Pålsson einearving til bygselsretten på Rotset.
 

No family available