Lars Trondsson Kinsarvik, 18461925 (aged 78 years)

Name
Lars Trondsson /Kinsarvik/
Given names
Lars Trondsson
Surname
Kinsarvik
Name
Lars /Kinsarvik/
Given names
Lars
Surname
Kinsarvik

Lars Kinsarvik

lokalhistoriewiki.no:

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre.

Faren, Trond Kinsarvik, var både lærar, rosemalar og snikkar. Rosemaling hadde han lært i Telemark, og denne aktiviteten vart etter kvart den viktigaste for han. Han slutta som lærar og konsentrerte seg fulltid om rosemalinga og arbeidde med dette i heimen.

Lars hadde tidleg glede av å vere i lag med faren i hans arbeid, og han viste tidleg evner for former og fargar. Derfor vart Lars motivert til å arbeide vidare med rosemaling. og han bestemte seg etter kvart for å satse på rosemaling som yrke. I 1864, som 18-åring, drog Lars til Stavanger og gjekk i lære hos ein flink malarmeister. Han fekk ei god utvikling her, men ønskte eit endå betre grunnlag for ei framtid som rosemalar. Derfor var han i to vintrar elev ved Bergens offentlige tegneskole. I Bergens-tida fekk han også undervisning hos den etablerte malaren Anders Askevold.

I 1869 gifte Kinsarvik seg med Johanne Amalie Kjærland frå Sund. Han måtte då slå seg til ro og samle seg om produksjon. Hardanger var alt på denne tida eit område med turisme, og mykje av Lars sitt arbeid var dekorering av turistvarer. Men også andre oppgåver, som rosemaling av kister og etter kvart dekorasjonsmaling på hotell i området. Dette kunne han leve av som familiefar.

Men ei gammal interesse for treskurd melde seg. Han skreiv seinare: «Træskjærarkunsti laag i meg fraa eg var 14 aar paalag» (Engen 1996 s.17). Og det blei snart meir og meir treskurd, særleg i tider på året når det var lite turistar. Kinsarvik skaffa seg etter kvart eit betre og betre grunnlag for treskurd, - gjennom møte med andre treskjerar, og gjennom korrespondanse med personar som hadde kunnskap om tradisjonell ornamentikk. Dette vart inspirasjonen for hans eige virke som treskjerar. Utover på 1870-talet kjende han seg så trygg som treskjerar at han tok inn elevar på verkstaden sin. Og han blei sjølv treskjerar på heiltid.

Lars Kinsarvik sitt treskjerararbeid blei lagt merke med, og pågangen på elevar var så stor at Kinsarvik i 1886 starta opp eigen skule for treskjering og rosemaling I Kinsarvik. Dette var han blitt sterkt oppmoda til å gjere av sentrale personar innanfor husflid og kunstindustri i Norge. Kinsarvik satsa sterkt på denne skulen, samtidig som han var inne i ein periode med rik utvikling i sitt eige arbeid. Han gjekk etter kvart bort frå den tradisjonelle stilen han hadde sett i stavkyrkjer og mange andre gamle arbeid. Og han arbeidde seg fram til ein eigen stil som både er blitt kalla «dragestilen» og «Kinsarvik-stilen». Ei vidare utvikling var at han på 1890-talet begynte å fargelegge treskurden og arbeidde seg slik etter kvart fram til den «fullborne» Kinsarvik-stilen. Etter kvart vart det færre elevar på skulen og Kinsarvik trekte seg ut i 1890. Han kunne då i endå større grad satse på eige arbeid, m.a. med store oppdrag frå hotell både i Hardanger og vidare. Også med ein del oppdrag i kyrkjer.

I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Frå 1899 fekk han også etter årleg søknad eit statsstipend på kr. 1000 "-- til fortsættelse af hans virkseomhed paa træskjærerkunstens omraade". Dette fekk han etter årleg søknad fram til 1918 (Engen 1969 s. 42). Såleis kunne han nå arbeide friare enn før.

Men han la ikkje det eigentlege arbeidet sitt på hylla. Johann Bjørdal dreiv ein treskjerarskule i Volda. Og her fekk Kinsarvik arbeid som med-lærer. Men her låg det også til retter for å arbeide med eigne oppdrag.

I 1908 flytte Lars Kinsarvik til nabobygda Volda. Det året slutta Alvestad som styrar ved Møre folkehøgskule. Dermed vart ikkje banda til Ørsta så sterke. Viktigare var det nok at Kinsarvik hadde eit ønskje om å bu på eigen grunn. Lengst opp i Vikebygda i Volda fekk han kjøpt ein liten gard. Her bygde han ein romsleg heim for sin store familie. Og når det gjeld arbeidet hans: Han fekk også bygd ein stor verkstad.

Kinsarvik må ha hatt ein sterk trong for ha større armslag for sitt arbeid med treskjerarjarn og pensel. Det fekk han verkeleg i Vikebygda. Sjølv hadde han nå rik erfaring innanfor dei ulike sidene av arbeidsfeltet sitt. Han hadde fått eit namn nasjonalt slik at han fekk oppdrag frå mange deler av landet. Han hadde skaffa seg gode ytre vilkår i Vikebygda, slik at han kunne ta inn lærlingar. Lærlingar som også kunne hjelpe han i produksjonen. Det same kunne fleire av barna hans, - barn som førde interessene og evnene til faren vidare. Dei blei også heilt nødvendige medarbeidarar som utfylte kvarandre i mange av dei store oppdraga.

Engen (1996 s.69) har funne at Lars Kinsarvik i åra frå 1907 til 1915 hadde oppdrag i 12 kyrkjer. «Og arbeidet spente frå berre oppattmåling av gamle altertavler til full innreiing av kyrkja med innbu og måling». Og i tillegg til dette ei mengd andre arbeid: Dekorasjonar og møbler til fleire Kaffistover, store møblement og eit «utal» av einskildmøbler som skap, stolar, bord osv. osv.

Lars Kinsarvik hadde nok sin viktigaste arbeidsperiode, og nådde toppen, i åra i Volda. Det aller største oppdraget kom i 1915 frå Eid i Nordfjord. Her fekk han setje sitt preg på heile kyrkjerommet. Med god hjelp av sønene Arne og Lars. Det største arbeidet etter Lars Kinsarvik i Volda kommune er altartavla i Dalsfjord kyrkje. Om denne tavla skriv Ekroll (2012 s.227) "Altartavla er kyrkja sin største skatt." og vidare: "Altartavla er skoren i Kinsarvik sin særmerkte stil som er sett saman av mellomaldersk ornamentikk, dragestil og norsk folkekunst." Altarbildet er "ein kopi av altarbiletet i Johannekyrkja i Bergen, utført av Marius Grønvold".

Kyrkja i Eid blei det siste store arbeidet av Lars Kinsarvik. Han fekk grøn stær. Fleire operasjonar var til lite hjelp slik at Lars etter kvart miste synet heilt. Kinsarvik var gift tre gonger. Tredje kona hans var Kristi Arnesdotter Skeie, frå 1889. I 1917 valde Lars, i lag med kona Kirsti, å flytte tilbake til Kinsarvik. Her levde han fram til 1925. Då synet svikta, svikta også inntektene. Statsstipendet på kr. 1000 fekk han ut året 1918. "Og frå 1919 vart det omgjort til ein fast pensjon årleg på 1200 kr. Denne pensjonen fekk Lars så lenge han levde, og Kristi etter han så lenge ho levde" (Engen 1996 s.78).

Lars Kinsarvik levde fram til 1925. Han kom til å bety svært mykje for bygda Volda dei åra han levde her. Og etterkomarar førde tradisjonen vidare frå heimen i Vikebygda.

 

Lars Trondsson Kinsarvik has 0 first cousins recorded

Father's family (0)

Mother's family (0)

Descendants of Lars Trondsson Kinsarvik

  1. Generation 1
    1. Lars Kinsarvik

      Lars Trondsson Kinsarvik, son of Trond Larsson and Marita Helgesdotter, was born on September 8, 1846 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on June 21, 1925 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 78.

      He married Kirsti Arnesdotter, daughter of Arne Nilsson and Kari Brigtsdotter, on June 13, 1889 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge. She was born on November 6, 1863 in Århus, Kvam, Hordaland, Norge and died on August 22, 1950 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 86.

      Children of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter:

      1. Arne Larsson Kinsarvik (18901969) - follow 2.1
      2. Lars Larsson Kinsarvik (18921976) - follow 2.2
      3. Amalie Larsdotter Kinsarvik (18941971) - follow 2.3
      4. Anna Larsdotter Kinsarvik (18961967) - follow 2.4
      5. Helge Larsson Kinsarvik (19011940) - follow 2.5
  2. Generation 2 back to top
    1. Arne Kinsarvik

      Arne Larsson Kinsarvik, son of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter, was born on February 7, 1890 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on December 3, 1969 in Volda, Møre og Romsdal, Norge at the age of 79.

      He married Gunnhild Nilsdotter, daughter of Nils Geirmundson and Kari Halvorsdotter, on June 13, 1914. She was born on September 14, 1891 in Torpe, Kvam, Hordaland, Norge and died on March 26, 1976 in Volda, Møre og Romsdal, Norge at the age of 84.

      Children of Arne Larsson Kinsarvik and Gunnhild Nilsdotter:

      1. Helga Skaar Kinsarvik (19161984) - follow 3.1
      2. Kari Kinsarvik (19182011) - follow 3.2
      3. Lars Kinsarvik (19231999) - follow 3.3
    2. Lars Kinsarvik med familie

      Lars Larsson Kinsarvik, son of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter, was born on November 8, 1892 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on February 18, 1976 at the age of 83.

    3. Lars Kinsarvik med familie

      Amalie Larsdotter Kinsarvik, daughter of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter, was born on September 1, 1894 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on July 30, 1971 in Osterøy, Hordaland, Norge at the age of 76.

    4. Anna Larsdotter Kinsarvik, daughter of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter, was born on November 1, 1896 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on July 15, 1967 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 70.

    5. Lars Kinsarvik med familie

      Helge Larsson Kinsarvik, son of Lars Trondsson Kinsarvik and Kirsti Arnesdotter, was born on October 19, 1901 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died in 1940 at the age of 38.

  3. Generation 3 back to top
    1. Helga Skaar Kinsarvik, daughter of Arne Larsson Kinsarvik and Gunnhild Nilsdotter, was born on February 20, 1916 in Heltne, Volda, Møre og Romsdal, Norge and died on October 20, 1984 in Volda, Møre og Romsdal, Norge at the age of 68.

      She married Alfred Gustav Rotevatn, son of Rasmus Johannes Sivertsson and Nille Johanne Madsdotter.

      Children of Helga Skaar Kinsarvik and Alfred Gustav Rotevatn:

      1. Norunn Rotevatn (19412018) - follow 4.1
      2. Private
      3. Private
    2. Kari Kinsarvik, daughter of Arne Larsson Kinsarvik and Gunnhild Nilsdotter, was born on July 14, 1918 in Heltne, Volda, Møre og Romsdal, Norge and died on April 18, 2011 in Tingvoll, Møre og Romsdal, Norge at the age of 92.

    3. Lars Kinsarvik, son of Arne Larsson Kinsarvik and Gunnhild Nilsdotter, was born on July 31, 1923 in Heltne, Volda, Møre og Romsdal, Norge and died on October 13, 1999 in Volda, Møre og Romsdal, Norge at the age of 76.

Ancestors of Lars Trondsson Kinsarvik

  1. Generation 1
    1. Lars Kinsarvik

      Lars Trondsson Kinsarvik, son of Trond Larsson and Marita Helgesdotter, was born on September 8, 1846 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on June 21, 1925 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 78.

  2. Generation 2 back to top
      2 of 2 possible ancestors (100% complete).
    1. Trond og Marita med familie

      Trond Larsson, son of Lars Jakobson and Ingeborg Olsdotter, was born before March 9, 1806 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on March 10, 1878 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge.

    2. Trond og Marita med familie

      Marita Helgesdotter, daughter of Helge Johannesson and Ingeborg Rasmusdotter, was born on July 8, 1822 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on December 16, 1905 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 83.

  3. Generation 3 back to top
      4 of 4 possible ancestors (100% complete).
    1. Lars Jakobson was born on April 17, 1765 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on May 18, 1832 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 67.

    2. Ingeborg Olsdotter was born on March 30, 1770 in Bjotveit ytre, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on February 21, 1854 in Hus, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 83.

    3. Helge Johannesson was born on June 22, 1773 in Bråvoll, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on April 29, 1845 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 71.

    4. Ingeborg Rasmusdotter was born on September 11, 1781 in Årekol, Ullensvang, Hordaland, Norge and died on January 13, 1874 in Kinsarvik, Ullensvang, Hordaland, Norge at the age of 92.

Birth

Fødd på husmannsplassen Rinden under Huse

Residence

Lars Kinsarvik var fødd på husmannsplassen Rinden under br. 5 Huse

Residence

Trond Larsson festa tomt Almerket VI (Kinsarvik Almenning) 10. februar 1859

Census
Shared note

1865 Folketelling - Hushald Thrond Larssen

Lnr 563 Kingservig, Kinsarvik prestegjeld

P.nr.H.nr.NamnAlderFødestadBustatusFamiliestillingSivilstandYrke
00101Thrond Larssen60Kingservigs Prgj.-HusfadergForpagter Snidker og Maler
00201Maritha Helgesdatter44Kingservigs Prgj.-hans Koneg-
00301Lars Throndsen20Kingservigs Prgj.-deres SønugMaler
00401Anna Throndsdatter16Kingservigs Prgj.-deres Datterug-
00501Maritha Throndsdatter10Kingservigs Prgj.-deres Datterug-
00601Helje Throndsen8Kingservigs Prgj.-deres Sønug-
00701Jacob Throndsen5Kingservigs Prgj.-deres Sønug-
00801Ingebør Throndsdatter3Kingservigs Prgj.-deres Datterug-
00902Ingebor Rasmusdatter85Kingservigs Prgj.--eFøderaadskone
Census
Shared note

1875 Folketelling - Hushald Lars Throndsen

Kinservig, Kinsarvik sokn, Ullensvang prestegjeld

P.nr.H.nr.NamnFøddFødestadBustatusFamiliestillingSivilstandYrke
00101Lars Throndsen1846Kinserviks S. Ullensvangs Pr.-hfgGaardbruger S, Maler, Træskjærer
00201Johana Amalia Andria Johannesdatter1844Sunds Pr. og Sogn-Hans Koneg-
00301Thrond Larssen1870Kinserviks Sogn Ullensvangs Pr.-Hans sugForsørges af Forældrene
00401Inga Larsdatter1871Kinserviks Sogn Ullensvangs Pr.-Hans dugForsørges af Forældrene
00501Johannes Larssen1875Kinserviks Sogn Ullensvangs Pr.-Hans sugForsørges af Forældrene
00601Helje Throndsen1859Kinserviks Sogn Ullensvangs Pr.-tjugMalerdreng
00701Ingebjørg Throndsdatter1845Ullensvang S. og Pr.-tjugTjenestepige
00802Ingebjørg Throndsdatter1849Kinserviks S. Ullensvangs Pr.-LogerendegSkrædder
Census
Shared note

1891 Folketelling - Hushald Lars Trondsen Kinservig

Lnr 563a/c Kinservik Ullensvang herred

P.nr.H.nr.NamnFøddFødestadBustatusFamiliestillingSivilstandYrke
00101Lars Trondsen Kinservig1846Ullensvang-Familiens overhodegGbr. Selv. Huseier, Træskjærer
00201Kristi Arnesdtr1863Vikør H. SognfHustrugHusmoder
00301Trond Larsen1870Ullensvang-Sønugmalersvend
00401Inga Larsdtr.1871Ullensvang-DatterugTjenestepige i Husholdningen
00501Johannes Larsen1875Ullensvang-Sønug-
00601Marta Larsdtr.1878Ullensvang-Datter--
00701Harald Larsen1885Ullensvang-Søn--
00801Arne Larsen1890 febr.Ullensvang-Søn--
00901Marita Heljesdtr.1822Ullensvang-ModereHjælper til ved Husholdningen
01001Gunhilda Larsdtr.1863Strandebarm Sogn-TjenestetyendeugTjenestepige ved Husholdningen
01101Erlend Sundsvold1866Voss.-Logerende hørende til FamilienugTræskjærersvend
01201Jakob Jørgensen Eide1871Jondal Sogn-Logerende hørende til FamilienugTræskjærersvend
01301Elias Eliassen Hathetveit1873Standeborm Sogn-Logerende hørende til FamilienugTræskjærerskoleelev
01401Lars Larsen Meling1872Bremnæs Sogn-Logerende hørende til FamilienugTræskjærerskoleelev
01501Aamund Aamundsen Lothe1872Ullensvang--ugTræskjærerskoleelev
01601Kristian Larsen Bjotveit1872Østensø Sogn-Logerende hørende til FamilienugTræskjærerskoleelev
01701Gabriel Andreassen1870Hangesund-Logerende hørende til FamilienugTræskjærerskoleelev
01801Ole Lillevik1868Veø Sogn Romsdalen-Logerende hørende til FamilienugTræskjærerskoleelev
Census
Shared note

1900 Folketelling - Hushald Lars Trondsen Kinservik

Gnr 141 Bnr 1 Kinservik, Ullensvang herred

P.nr.H.nr.NamnFøddFødestadBustatusFamiliestillingSivilstandYrke
00101Lars Trondsen Kinservik1846Ullensvang herredbHfgTræskjærer
00201Kristi Arnesdtr Kinservik1863Vikør SBbHmgHusgjerning
00301Trond Larsen Kinservik1870Ullensvang herredbSugMaler
00401Johannes Larsen Kinservik1875Ullensvang herredbSugBygningssnedker
00501Marta Larsdtr Kinservik1878Ullensvang herredfDugElev paa tegneskole
00601Harald Larsen Kinservik1885Ullensvang herredbSug-
00701Arne Larsen Kinservik1890Ullensvang herredbSug-
00801Lars Larsen Kinservik1893Ullensvang herredbSug-
00901Amalia Larsdtr Kinservik1894Ullensvang herredbDug-
01001Anna Larsdtr Kinservik1896Ullensvang herredbDug-
01101Ingeborg Trondsdtr Urheim1846Ullensvang herredbTjugTjenestepige
01201Marta Helgesdtr Kinservik1822Ullensvang herredbHmeFøderaadskone uden egen husholdning
01301Trond Amundsen Utne1877Ullensvang herredbTjugTræskærerlærling
01401Gjermund Haakensen Børve1881VikørbTjugTræskærerlærling
01501Andreas D. Nelsskog1879Vefsen NorbTjugTræskærerlærling
01601Mons Mekkelsen Hartvedt1884Haus SBbTjugTræskærerlærling
01701Arne Asbjørnsen Lutro1876Ullensvang herredbTjugTræskærerlærling
01801Peder Ottesen Bjelland1879Stordøen NBbTjugTræskærerlærling
Census
Shared note

1910 Folketelling - Hushald Lars Kinsarvik

Gnr 20 Bnr 18 Solvang (Heltne), Volda herred

P.nr.H.nr.NamnFøddFødestadBustatusFamiliestillingSivilstandYrke
00101Lars Kinsarvik1846-09-08UllensvangbhfgTræskjærer og Gaardbruger S
00201Kristi Arnesdatter1863-11-06VikørbhmgGaardbrugerkone
00301Harald L. Kinsarvik1885-12-14UllensvangbsugSnedker (i farens tjeneste)
00401Arne Kinsarvik1890-02-07UllensvangbsugTræskjærer (i farens tjeneste)
00501Lars Kinsarvik1892-11-08UllensvangbsugMøbelmaler (i farens tjeneste)
00601Amalie Kinsarvik1894-09-01UllensvangbdugDatter
00701Anna Kinsarvik1896-11-01UllensvangbdugDatter
00801Helge Kinsarvik1901-10-19UllensvangbsugSøn
00901Peder Moslet1889-01-02HevneblærlingugTræskjærerlærling
01001Ola Lenes1888-01-09HevneblærlingugTræskjærerlærling
01101Ole Kjelstad1890-04-14SunelvenblærlingugTræskjærerlærling
01201Ole Vaagos1890-05-09AureblærlingugTræskjærerlærling
01301Verner Øien1891-05-03HitterenblærlingugTræskjærerlærling
01401Karn Helstad1875-10-04StrandbtjugTjenestepike (huslig gjerning)
Census
Shared note

1920 Folketelling - Hushald Johannes L. Kinsarvik og Lars T. Kinsarvik

Gnr 141 Bnr 3 Kinsarvik, Kinsarvik herrad

P.nr.H.nr.NamnFøddFødestadFamiliestillingSivilstandYrkeBustatus
00101Johannes L. Kinsarvik1875-11-02Kinsarvik-hpgMøbelsnikkar eget verksted s
00201Torbjørg T. Kinsarvik1887-03-27Kinsarvik-hugHusmor
00301Gyda J. Kinsarvik1917-05-22Kinsarvik-d--
00401Lars J. Kinsarvik1918-06-26Kinsarvik-s--
00501Oddmund S. Sandvik1893-10-08Ullensvang-tjugTreskjærer a
00602Lars T. Kinsarvik1846-09-08Kinsarvik-hpgPensjon. Treskjærer fhv
00702Kristi A. Kinsarvik1863-11-06Kvam Hordl-hugHusmor
00802Trond L. Kinsarvik1870-06-09Kinsarvik-sugHaandverksmaalar paa eget verksted og hos andre s a
00902Lars L. Kinsarvik1892-11-08Kinsarvik-sugHaandverksmaalar hs forskjellige huseiere
01002Amalia L. Kinsarvik1894-09-01Kinsarvik-dugKunstveving til salg -arbeider hjemme s a
01102Anna L. Kinsarvik1896-11-01Kinsarvik-dugHusarbeide hjemme
01202Helge L. Kinsarvik1901-10-19Kinsarvik-sugHaandverksmaalar. F. t paa Hardanger folkehøgsk
Burial

Tekst på gravstein:
"Deyr fè deyja frændr deyr sjalfr it sama, en ordstirr deyr aldregi, hveim er ser godan getr"